FANNARÅKEN PÅ TURNE I JOTUNHEIMEN
09. juli 07
Fannaråken blåsekvintett er aktuelle med ei rekkje konsertar i Jotunheimen, der Griegs musikk har ein sentral plass på programmet. Laurdag la dei ut på vandringa som varer heilt til 26. juli, der dei konserterer på hytter i mellom anna Gjendesheim, Glitterheim, Gjendebu, Fannaråkhytta og Turtagø. I dette intervjuet fortel oboist Ingunn Lien meir om motivasjonen bak prosjektet. 
 
Av Ida Habbestad

Dei fem utøvarane i Fannaråken Blåsekvintett; Steinar Døvle (fløyte), Ingunn Lien (obo), Magnus Kvam (fagott), Inge H. Mortensen (horn) og Jan Inge Moksnes (klarinett), studerer alle ved Norges musikkhøgskole, der dei er i ferd med å avslutta ein mastergrad i kammermusikk. Konsertserien i Jotunheimen inngår i denne mastergraden, og Lien fortel smilande om utfordingane både ved å skulla vurdera og å gjennomføra ein slik konsert:

- Vi håpar på å få med oss nokre sensorar opp på fjellet – men vurderinga vert nok basert på opptak, seier ho, og innrømmer at musikarane i tillegg til normal øving også har førebudd seg ein del på den fysiske utfordringa som ligg framføre.

- Vi ligg i hardtrening, og har mellom anna gått tur til Tryvann med full sekk. Sekkene vert tunge med store instrument, så me er jo spente på om helsa held! 3 veker i fjellet er ganske lenge, seier Lien.

Men, kvintetten har lagt inn pauser – både til kvile, og til øving.

- Me har pause når me kjem fram til ei hytte, og gjennomfører først konsert på kvelden dagen etter, slik at vi kan oppretthalde eit visst musikalsk nivå, seier Lien, som elles fortel at ho er spand på korleis instrumenta vil reagere på høgda.

Ut av huset - opp på fjellet

Korleis kom dei så på ideen om å arrangera konsertar i fjellheimen?

- Eg likar å gå i fjellet om sommaren, og tenkte: kvifor ikkje ha med instrument? fortel Lien. - Dessutan er det er noko med å komme ut av huset (musikkhøgskolen, red anm). Då er vi garanterte å få eit anna publikum enn vanleg, og kanskje treffa folk som aldri har høyrt ein blåsekvintett før; i alle fall ikkje på fjellet!

Lien fortel om eit godt samarbeid med Den Norske Turistforening:

- Vi tok tidleg kontakt med turistforeninga for å høyre om dei ville vera med på ideen. Dei sa ja til det, og til å hjelpe oss med kost og losji på alle hyttene som tilhøyrer dei. Eg tykkjer det er sprekt gjort å gå med på det med ein gong, og at dei tør å satse slik på andre ting enn dei vanlegvis gjer. Det hadde nok ikkje gått an å gjort dette utan deira hjelp, seier Lien.

- Når samarbeidet var klart, tenkte vi på å kople det opp mot Grieg og Grieg-året. Turistforeninga hadde ein tur som dei kalla ”I Griegs fotspor”, som passa med våre fotspor.
 
Mot himmelen og Grieg Potpurri 

For ein kjem ikkje utanom Grieg når ein skal spela i Jotunheimen, meiner utøvarane i Fannaråken blåsekvintett, som har fått arrangert fleire av stykka hans for blåsekvintett. I tillegg har dei utfordra medstudentar på musikkhøgskolen til å komponera musikk med Grieg som utgangspunkt, med to nye verk som resultat: ”Mot himmelen” (etter Grieg sin salme) av Klaus Sandvik, og ”Refleksjoner over Gjendines Bådnlåt” av Martin Ødegaard. Kvintetten framfører dessutan ”Grieg Potpurri” av Øystein Sonstad og ”Norsk dans nr 2” i Balkan-versjon, arrangert av Bjørn Andor Drage og Jan Inge Moksne.

Det fullstendige konsert – og vandringsprogrammet er som følger (programmet vil vera ulikt frå konsert til konsert):

Lørdag 7. juli: Konsert Gjendesheim.
Søndag 8. juli: Gjendesheim-glitterheim.
Mandag 9. juli: Konsert Glitterheim.
Tirsdag 10. juli: Glitterheim-Memurubu.
Onsdag 11. juli: Konsert Memurubu.
Torsdag 12. juli: Memurubu-Gjendebu.
Fredag 13. juli: Konsert Gjendebu.
Lørdag 14. juli: Gjendebu-Fondsbu.
Søndag 15. juli: Konsert Fondsbu-
Mandag 16. juli: Fondsbu-Skogadalsbøen.
Tirsdag 17. juli: Konsert Skogadalsbøen
Onsdag 18. juli: Skogadalsbøen-Fannaråkhytta.
Torsdag 19. juli: Konsert Fannaråkhytta.
Fredag 20. juli: Fannaråkhytta-Turtagrø.
Lørdag 21. juli: Konsert- Turtagrø.
Søndag 22. juli: Turtagrø-Stølsdalen.
Mandag 23. juli: Stølsdalen-Nørdstedalseter.
Tirsdag 24. juli: Konsert Nørdstedalseter.
Onsdag 25. juli: Nørdstedalseter-Sota seter.
Torsdag 26. juli: Konsert Sota seter.



 
Fannaråken Blåsekvintett
Foto: Kyrre Lien
 
Fannaråken Blåsekvintett
Foto: Kyrre Lien 

 
ARKIV:
29.10.07 Musikerne i Bergen Filharmoniske Orkester er klare for en tre uker lang turné til USA. Mellom 2. og 19. november holder de hele 12 konserter langs USAs østkyst.
LES MER

22.10.07 30 lærere og studenter ved Norges musikkhøgskole reiser til Berlin neste uke, for å delta under Treffpunkt Grieg, Deutsch-Norwegische Woche 2007.
LES MER

16.10.07 Sigmund Grovens hyllest til Edvard Grieg utgis snart på plate. Les mer her.
LES MER

10.10.07 "Med denne poetisk-musikalske forestillingen ønsker noen av de beste utøverkreftene fra Norges musikkhøgskole å skape sin visjon om komponistens bevissthetsstrøm i overgangen mellom liv og død", skriver utøverne om sine konserter 21. og 23. oktober. Les mer her.
LES MER

03.10.07 8.-10. oktober kan ein ny kammeropera om Grieg opplevast i Kanonhallen på Løren. I dette intervjuet med Det Norske Blåseensemble kan du lesa meir om operaen og om ensemblets øvrige verksemd.
LES MER

01.10.07 Den russiske journalisten Anna Politkovskaya profilerte seg tidlig gjennom kontroversielle rapporter om menneskerettighetsbrudd utført av russiske tropper i Tsjetsjenia. 7 oktober 2006 ble hun drept i leiligheten sin. Raftohuset, The Human Rights House Network, FIDH og Grieg 07 er enige om at å fremføre Griegs musikk på ettårsdagen for hennes død er en vakker og sterk måte å minnes Politkovskaya, som selv spilte og var glad i denne musikken. Vi oppfordrer alle bidragsytere til å legge sine arrangement inn i kalenderen vår, og til å benytte seg av plakaten som kan lastes ned i denne artikkelen.
LES MER

17.09.07 Søndag 23. september er det klart for Griegselskapets siste markering i Grieg-året. Sammen med Grex Vocalis og Studio Generations AS arrangerer de da "Alle kan synge Grieg" i Oslo Konserthus.
LES MER

Gå til arkiv